Bolig og næring / Leiret og Vestad / Sykkelbyen / Transport

Spaans med innspill til Elverum by etter byvandring

Arkitektjournalist og forfatter Ronny Spaans har kommet med en egen rapport med råd for Elverum etter at han ble invitert med på en byvandring i sentrum i mai.

IMG_7268red_754ce69ccc0be2099ba4b837860369e7

Ronny Spaans er kjent for mange som forfatteren bak boka «Kjøpesenterlandet – planlaus norsk stadutvikling», der han reiste rundt til byer i Norge og ga de terningkast.

Elverum var ikke med i boka, derfor ble han invitert hit i mai. Her var han med på en byvandring, og politisk hjerterom på biblioteket.

Da ga han Elverum terningkast fire. Nå har han skrevet ned inntrykk han fikk av byen under sitt besøk.

Her kan du lese hva han skriver etter besøket:

Rapport: Byvandring og arkitekturdebatt – Elverum
skrevet av Ronny Spaans

15. mai var eg i Elverum, her fylgjer inntrykk frå besøket.

  • Vegen frå stasjonen til sentrum bør oppgraderast. Når du er framme på den vakre stasjonsbygningen, og går ut, blir du i villreie: kor er byen? Det må tydeleg skilting til. Vegen må utstyrast med tydeleg separerte sykkelvegar. Så må vegen utstyrast med eit eller anna, så ikkje vegen blir opplevd som ei trist, grå transport-etappe: sosiale møteplassar, benkar etc, kanskje eit skilt med tydeleg kart over alle attraksjonar i byen. Eg måtte spørja meg fram til bysentrum.
  • Når det gjeld skilting, må det gjerast noko òg i sentrum. Eg gjekk opp og ned Storgata utan å oppdaga vegen opp til festninga. Men skiltinga bør sjølvsagt vera diskret og tilpassa arkitekturen. Det må vera skilting tilpassa mjuke trafikantar. For augneblinken er Elverum i ALTFOR høg grad ein bilby.
Nybrua

Nybrua.

  • Den gamle brua eg som gjekk over, hadde smalt gangfelt. Tenk om to rullestolbrukarar møtst midt på ein vinterdag… Brua må oppgraderast.
  • Etter møtet med den anonyme skogen ved stasjonen og kjensla av villreie, er neste møte med byen Lundegaardvegen. Her er det heller ikkje opplyftande. Den store rundkøyringa til høgre gjev heller ikkje inntrykk av by og urbanitet. Men som eg forstår, er det planar om å gjera noko med både rundkøyringa og Solørvegen, som formar ei barriere til elvesida.
  • Dette veit de jo alt: Elverum, Elvarheim – Elveheimen – bør finne tilbake til elva. Her ligg byens store potensial, og Elverum har heldigvis ikkje rota det til med inkje-seiande blokker langs sjøsida som mange andre norske byar. Difor er eg kritisk til planane Eiendomsselskapet Garvergården AS har for utvikling av området der Kiwi Elverum ligg. Det vil gjera området kring Lundegaardvegen endå meir tung, dyster og uimøtekomande.
Langs Glomma

– Elverum må finne tilbake til Glomma, synes Ronny Spaans.

  • Eit anna uheldig trekk ved Lundegaardvegen er det nye leilighetskomplekset med inngjerda leikeplass. Som sagt: strekninga mellom stasjonen og byen skrik etter møtepunkt, stoppepunkt – og når du endeleg får det, er det tale om eit inngjerda leikeanlegg, som gamlis-ane i blokka ikkje brukar.
  • I Eivind Torps veg var det eit skilt med sykleruter. Eg tenkte det gjaldt for bysentrum, men det gjaldt altså for sport-sykling. Det var heller ingen sykkelstativ der, syklar låg slengt på bakken.
Storgata

Storgata.

  • Den fine, godt bevarte Storgata kan gjerne førast tilbake til opphavleg stil. Fjern baldakinane. Dette meiner ekspertar om eit liknande gjenreisingsenttrum: Voss «En mengde ulike baldakiner, samt uryddig skilting og reklame er imidlertid med på å trekke ned den estetiske helheten, i sær på gateplan.». Sjekk rapporten denne setninga er henta frå, kanskje kan de hente fleire tips her, mellom anna om fargebruken.
  • Om nybygg: Elverums identitet er ikkje nødvendigvis trebygg. Gjenreisingsbyane er i mur, og har vakre, dempa naturfargar, og ofte vakre subtile arkitektoniske detaljar. Dette kan førast vidare i nybygg. Ugla må visast på fleire bygningar – der har de alt eit symbol nåde på Elverum og skogen!
Gjenreisningsarkitektur, etterkrigsbebyggelse

Gjenreisningsarkitektur.

  • De har store kjøpesenter i byen, og det er krefter som vil opprette eit handelssentrum ved Grindalsmoen. Her må de vera tydelege på at småhandel skal vera i sentrum – Storgata skal vera det naturlege midtpunktet. Det må koma eit tydeleg nei til småhandel på Grindalsmoen, og samtidig må det nektast meir utviding av kjøpesentra.
  • Pass òg på utbyggingsplanane ved stasjonen. Kan ein mellomstor / liten by som Elverum tole to, tre sentrum?
  • Kjøpesentra er parasittar på norske byar. Dei må gje noko att. Kvifor ikkje tvinge dei til å reise skilt ved inngangsdøra med informasjon om attraksjonar i byrommet. Og kanskje ordne med tre-timar gratis parkeringstid for dei som besøkjer byen Elverum?

Sentrum Kremmertorget

– Det bør ikke være flere kjøpesentre enn de man allerede har i Elverum, mener Ronny Spaans.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s